Logo

Etter eit halvt års pause startar Kvam kulturskule no oppatt med Fleire Fargar!

Kunstnarleg leiar er som i fjor: Rut Oppedal Rasmussen. Medspelar: Arngunn Timenes Bell.

I dag er det første samling med elevar frå Øystese barneskule, Norheismund skule og Kvam ungdomskule, Øystese gymnas og vaksenopplæringa i Kvam.

Vi gler oss!

Advertisements

RolfRolf K. Seldal – er utdanna slagverkar, pedagog og musikkvitar ved Griegakademiet, UiB. Som utøvar og
pedagog har han brei erfaring både i sjanger og instrumentarium. Rolf spelar vaskebrett i Louisiana Washboard Five og er også aktiv på slåttetromme. Rolf nøler ikkje med å trekke fram verken banjo, saksofon eller trompet…  Rolf er også rektor på Kvam kulturskule.

BenBen Milenković –  er gitarist og slektar frå ein musikar-familie. Ben er oppvaksen med musikk døgnet rundt, og har arva gleda av å ha musikk som hobby og levebrød. Musikk karieren sin byrja Ben med blåseinstrument, og gjekk seinare over til gitar. Han har spelt i mange band i Bergensområdet. Han har spelt inn plater med eigne band og spelt saman med andre artistar, i inn- og utland.

alvinAlvin Vestrheim har drive med musikk nesten heile livet. Han har gått på musikklina på Stord vidaregåande skule og har spelt mykje rundt om på Vestlandet. Alvin er engasjert i det lokale musikklivet og sit mellom anna i styret for Bygdalarm. Han driv idag eit lydstudio i Øystese. I husbandet spelar Alvin bass, og miksar og triksar med rytmar og lydar.

Full konsentrasjon!

Full konsentrasjon!

Hardingtonar nettsider2011

Torsdag 13.juni står den sprudlande gjengen i Fleire Fargar

på scena i Multisalen på den nye barneskulen i Norheimsund.

Førestillinga er eit tilbod under festivalen Hardingtonar.

Les meir festivalen her .

Les om førestillinga på facebook her.

Åååå, hopp!

ååååå

Åååååååå…..

fleire fargar hoppar2

hopp!

Fleire fargar

Klare for første gjennomkøyring av førestillinga!

Logo

Logoen til Fleire Fargar er på plass. Akkurat i tide til å komme med i brosjyren til festivalen Hardingtonar.

Vi nærmar oss førestilling!

Fleire Fargar får form!

Etter ein haust og vinter med skattejakt, leik, songar og endå fleire songar byrjar Fleire Fargar no endeleg å ta form!

Fleire Fargar starta i september opp som eit tilbod i skuletida. No er øvingane teke ut av ordinær skuletid og går føre seg på Kvam ungdomsskule torsdagar frå 14:15-15:30. Nær 30 born og ungdom frå Norheimsund barneskule, Øystese barneskule og Kvam ungdomsskule er med i gruppa. Saman med Rut Oppedal Rasmussen, Marit Loe Bjørnstad, Sissel, Margarita, Inger, Arngunn og dei staute bandkarane Rolf, Ben og Alvin arbeider dei mot ei fargerik førestilling som skal visast i midten av juni.

Full konsentrasjon under øving 21. mars

Djup konsentrasjon!

Å setja farge på hausten

Fleire Fargar i Kvam, seier du?
Ja, svarar me.
Med song og musikk ynskjer Kvam Kulturskule å fylja kjølvatnet etter Fargespill, som var ein del av programmet til Hardingtonar i juni i år.

Omlag 40 elevar i Norheimsund og Øystese er igang.
No fyrst med å leita fram songskattar dei vil setja inn i ei framsyning sommaren 2013.
Med kyndig rettleiing av Rut O. Rasmussen, Siv Mælen m.fl., øver dei kvar onsdag og me andre ventar spente på den vidare utviklinga.

Fylg med – her vil det koma jamnlege rapportar.

Merkelappsky